Nytt banedekke er forsinka
Legginga av nytt friidrettsdekke på Ørsta stadion er forseinka. Det er førebels uvisst når det nye dekket vert lagt.
- Ja, det dreg ut i tid. No er det på gang ei avklaring om asfalten som er lagt stettar dei krava som verte stilt. dette er det leverandøren av banedekke som greier ut, seier leiar i Ørsta IL friidrett, Olve Øyehaug.
Det var i fjor at det dåverande kunststoffdekket på Ørsta stadion vart skrella av. Då var det utslite, og det var på tide å leggje eit nytt og moderne dekke.
Då viste det seg at det måtte leggjast ny asfalt, fordi det eksisterande asfaltunderlaget hadde smuldra opp.
- No vert det sjekka om det nye asfaltunderlaget er slik det skal vere. det er høge krav til presisjon. For kvar fjerde meter kan det ikkje vere ujamnheiter over seks millimeter, fortel Øyehaug.
Han fortel at det er leverandøren som må avgjere når det nye toppdekket kan leggjast.
Her må vi berre lene oss til fagfolka, seier Øyehaug.
Legginga av toppdekket krev også godt ver. Det må vere opphaldsver i nokre dagar i strekk, i tillegg til at temperaturen ikkje kan vere under tolv grader. Etter at toppdekket er lagt må det også vere forhold til å merke den nye friidrettsbana.
Det er vanskeleg og seie når vi kan leggje toppdekket, og om det vert i år. Vi må berre vente og sjå. seier Øyehaug.
Det nye friidrettsdekket er fullfinansiert. Det nye asfaltdekket var ikkje planlagt, men støtte frå Sparebankstiftinga gjorde at det kom inn midlar til det også.
Møre-Nytt 02.08.24
Bendik Mork Folkestad