Investerer fire millionar

Nytt dekke på

Ørsta stadion

Denne veka starta arbeidet med å leggje nytt dkke på Ørsta stadion. Fyrst måtte det gamle friidrettsdekket fjernast

- Og når vi får lagt det nye dekket ar avhengig av véret. Vi kan ikkje ha regn når den nye gummien skal leggjast, fortel leiar Olve Øyehaug i Ørsta IL friidrett.


Han gler seg over at Ørsta stadion får nytt dekke til friidretten, inkludert løpebane, og gler seg over at investeringa på nær 4 millionar kroner er nærast finansiert.


Ei av årskaene til det er at Sparebank 1 SMN går inn med ei stor gåve. Heile 1,5 millionar kroner går banken inn med.


- Då vi fekk vite at banken kom med denne gåva, var det eit klarsignal for at vi kunne gå vidare med prosjektet, fortel Øyehaug.

Fyrste dekket i 1983


Det var for fire år sidan at anleggsnemda i friidrettsforbundet var på synfaring på Ørsta stadion. Då var meldinga klar; Banedekket var utslite, og måtte skiftast.


Det kom ikkje som ei overrasking på friidrettsgruppa, for levetida til slike dekke er ti til femten år.


Ørsta stadion fekk det fyrste kunststoffdekket i 1983. I 2003 vart det lagt nytt toppdekke. Og i år, tjue år etter dette, kjem altså eit nytt og topp moderne dekke på plass.


Denne veka vart altså det gamle dekket skrapa vekk. No skal asfalten som ligg under gummidekket sjekkast. dette er ein type asfalt som drenerer vatn, og i tillegg må asfalten liggje heilt jamt rundt bana.


- Vi vil kontrollere at alt er som det skal vere, og i tilfelle reparere det som trengs. etter at det arbeidet er gjort, skal sjølve gummidekket leggjast. Det er svært vart for vatn, og det må vere vérmeldingar for fleire dagar utan nedbør for at dekket skal kunne leggjast. - Difor torer vi ikkje å seie når det nye dekket er klart til bruk seier Øyehaug.


Etter gummidekket er lagt, skal sjølve toppdekket sprøytast på, og då må det vere bortimot vindstille. Også denne gongen vert toppdekket raudt.


Øyehaug er glad for at det nye dekket på det meste er finansiert. Vi får spelemidlar og momskompensasjon i tillegg til gåva frå Sparebanken 1 SMN. I tillegg er andre sponsorar inne og Ørsta kommune har også hjelpt oss, seier Øyehaug