Gull og sølv til Madelene på Bamseleikane


Madelene Almestad (J14) fra Ørsta IL friidrett imponerte stort på Bamseleikane i helga.


Ho vann 200 m med gode 28,16 sek, ny personleg rekord og raskast av 30 utøvarar. I kule støytte ho 3 kg kula 9,88 m, fekk 2 plass og ny personleg rekord.


Ikkje nok med det, i lengde hoppa ho 4,53 m og tok fjerde plass, berre 16 cm bak vinnaren. Ho fekk og fjerde plass på 60 m med gode 8,67 sek. berre tre små hundredeler fra pallplass.


Bamseleikane vart arrangert 16-17. mars i Stangehallen på Stange ved Mjøsa. Bamseleikane er eit av dei største innandørsstemna i friidrett i landet.

Det var i år rundt 450 deltakarar fra 59 klubbar. Det er aldersklasser fra 10 år og til og med senior. Premiane er bamsar.


Olve Øyehaug, Ørsta IL friidrett