Sikra nytt dekke

på Ørsta stadion

Ørsta IL friidrett fekk overrekt en sjekk på 900.000 kroner. 


Sparebankstiftinga Søre sunnmøre har hatt si første utdeling av gåvemidlar. Totalt vart 83 søknadar innvilga, og det vert gitt en totalsum på 21.585.500 kroner til almennyttige føremål på Søre Sunnmøre.


Leiar Olve Øyehaug i Ørsta IL friidrett sa at Sparebanken 1 Søre Sunnmøre gav startskotet til utskiftinga av tartandekket på Ørsta stadion. Undervegs i arbeidet dukka det opp ekstra kostnader som gjorde at friidrettsgruppa måtte ha hjelp. 900.000 kroner frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gjer at målgangen no er sikra.


Stadion var utslite og var i fare for og bli underkjent som arrangementsplass. hadde vi ikkje kunna ha arrangement, kunne vi ikkje hatt friidrett. Startgåva frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjorde at vi kunne kome i gang med rehabiliteringsarbeidet, sa Øyehaug.


Friidrettsgruppa fekk støtte frå anna næringsliv og Ørsta kommune med forskot på spelemidlar. Prosjektet var fullfinansiert og arbeidet var i gang.

- Då kom det ei forferdeleg oppdatering. Asfalten under dekket var smuldra opp- Ekstrakostnadane var på ein million kroner. dei pengane hadde vi ikkje. Vi hadde to mogelegheiter. Ta opp handbrekket og att vi i framtida kunne få tak i pengane eller halde fram. Kommunen gav oss forskott på spelemidlar. Det sikra likviditeten, men vi har lån og vi hadde ikkje pengar til å betale lånet. Gåva frå stiftinga gjer at vi no igjen er fullfinansiert, sa Øyehaug.


Så fort temperaturen er høg nok går arbeidet i gang med tartandekket.


- Dette er heilt fantastisk. dette betyr mykje for lokal friidrett i Volda og Ørsta. det betyr mykje for regionen. Anlegget er regionalt og viktig. Vi er ein av dei største stemnearrangørane i Møre og Romsdal. Tinestafetten skal vi ha no snart med 500 deltakarar og like mange publikummarar.


Eit nytt dekke vil vare i mange år. Løpebana på Ørsta stadion vert nytta av mange - både organisert og uorganisert.


Møre-Nytt 30.04.24

Joachim kroken Åsebø