Tre gull og fire sølv til Ørsta i veteran-NM i friidrett

Ørsta IL friidrett stilte med tre utøvarar på veteran NM i friidrett i helga.


Erik Drange Tønnessen (MV 45-49) kasta spydet til gull med gode 45,52 m. Han tok og gull i høgde med 1,55 m. Erik tok sølv i diskos med 30,63 m. I kule fekk han opp gode 11,42 m. Erik var spesielt godt nøgd med resultatet i spyd og kule. Han var Norgesmeister junior i mangekamp for ein del år sidan. Med medaljeserien på Veteran-NM viste Erik at han framleis er i noregstoppen, no som veteran.


Ei anna stjerne som gjorde comback var Ørsta IL friidrett sin mestvinnande utøvar i NM gjennom tidene Grete Bjørdalsbakke (KV 60-64). Ho tok sølv i kule med 8,34 m, berre 11 cm frå gull.


Tone Bjørdalsbakke Saure (KV 35-39) tok gull i spyd med 32,34 m. I kule tok ho sølv med 9,17 m. Tone var som ungdom i noregstoppen i kast i si aldersklasse.


Etter Veteran-NM reiste Grte og Tone til Lillehammer for å følge opp Ørsta IL friidrett sine utøvarar på Veidekkeleikane. 


Veteran-NM i friidrett vart arrangert av Modum Friidrettsklubb på Furumo Idrettspark 23-25. juni. Over 270 utøvarar var påmelde i dei ulike veteranklassane, frå yngste klasse 35-39 år og heilt opp til eldste klasse 90-94 år. Eldste utøvar var 91 år gamle Oscar Andersen frå Romerike Friidrett. han kasta slegga 20,83 meter.


Ørsta IL friidrett

Olve Øyehaug