Faktisk er dette det same dekket som Diamond League stadion i Zurich har.
Dette vert kvalitet
Når det nye dekket er på plass, vil Ørsta stdion vere det mest moderne og komplette friidrettsanlegget på Sunnmøre. Og berre Atlanten stadion i Kristiansund vil kunne måle seg i Møre og Romsdal.
- Vi vil kunne halde norske mesiterskap, med unntak av NM for senorar, der det er krav om åtte løpebaner. Vi vil framleis ha seks, fortel Øyehaug.
Ein som ser fram til at det nye dekket er på plass, er konserndirektør Stig Brautaset i Sparebanken 1 SMN. Banksjefen har ei fortid som friidrettsutøvar for Ørsta IL.
Eg var ikkje av dei beste, men fekk ein plass stafettlaget til ørsta på 1970-talet, fortel Brautaset
På det laget var også ordførar Stein Aam, sjølv om han eigentleg var fotballspelar.
- Difor utfordrar eg Stein aam til ein duell på 400 meter når det vert opningsstemne. Aam skal få femti meters forsprang, seier Brautaset.
Møre-Nytt
Rune Sæbønes
Olve Øyehaug og friidrettsgruppa i Ørsta kan trygt sleppe jubelen laus.
Årsaka? Ørsta formannskap sa tysdag ja til å hjelpe til med å fullfinansiere nytt løpedekke på Ørsta stadion.
Arbeidet med å fullføre stadion - og legge nytt løpedekke tok til i sommar. Men så viste det seg til friidrettsgruppa si forskrekking at prosjektet vart over ein million kroner dyrare enn først rekna med.
Så den 29.august sende Ørsta IL friidrett søknad til Ørsta kommune om ekstra finansiering på vel ein million kroner. Dermed heiv arministrasjonen seg rundt og fann ei løysing - nemleg at Ørsta kommune forskotterer 85% av godkjend søknadsum til spelemidlar til Ørsta IL friidrett med inntil 850 000 kroner, og i tillegg gjev 60,000 kroner til dugnadsinnsats.
Eit samrøystes Ørsta formannskap vedtok denne løysinga - noko dei kunne gjere fordi dei tidlegare på møtet tysdag hadde vedtatt at kommunen opprettar eit forn for forskotering av spelemidlar til idrettsanlegg.
Ordførar Stein aam rosa administrasjonen for å ha kome fram til det han meinar er ei glimrande løysing. - Utan dette hadde ikkje skulane hatt eit brukbart anlegg. flott at de på kort tid fann ei løysing, sa ordføraren.
komunedirektøren Wenche Solheim gav æra til økonomisjefen: - Ja, det går fint når folk brukar kvelden. takk for det, Bueide!
Møre-Nytt - 8.september 2023
Svein Nordal