Då er eg klar for VM debut ...


Dagen før avreise til VM i Gøteborg var det kaststemne på Ørsta stadion. Eg hadde et håp om og oppnå et brukbart resultat for å få lit sjølvtillit. Eg sette pers med 9,56 så dette lovar bra ...

7. - 10. august

Endre hadde planlagt reiserute og bestilt overnatting på førehand.

Vi tok det roleg og hadde tre overnattinger før vi kunne parker bobilen på Lisebergsbyen camping litt utanfor Gøteborg.

11. august

Søndagen var vi klar for å finne Slottsskogsvallen stadion og TIC kontoret for og hente startnummer og akkriditeringkort. Vi måtte ta trikken inn til sentrum av Gøteborg og der bytta vi til en ny trikk for og kome til stadion. Litt fram og tilbake vart det, men vi kom oss på rett trikk og rett rettning til slutt.

12. august

Tok vi turen til Slottsskogsvallen for og være med på opningssemonien. Det var fulle tribuner og god stemning. Eg fekk også orientert meg i høve oppvarming og kar

CALL rom var. Det er mykje og holde styr på ....


13. august

Debut dagen var komt og no var det berre å slå til. Vi var 32 utøvarar og vi måtte delast i to grupper. Eg var rangert blant dei 12 beste etter fjorårets resultat så eg fekk kaste i gruppe to. Eg var sjølvsagt veldig spent, men håpte på og finne dei gode konkurransenervene som eg var kjent for i mine yngre dager. Etter taping av kne og kledd landslagsdrakt var eg klar for

dyst ..

6. plass i VM for Grete

Olve Øyehaug, Ørsta IL friidrett


Grete Bjørdalsbakke fra Ørsta IL friidrett tok 6. plass i kule i VM i friidrett for veteraner.. Ho sette personleg rekord med 9,65 meter med 3 kg-kula.


Grete konkurrerer i aldersklassen 60-64 år, var svært nøgd med både resultatet og plasseringa.


- i dag er eg takksam for at kroppen endeleg spelte på lag. Eg er strålande nøgd med å kome til finalen og kreka meg oppover resultatlista på dei siste kasta. Ein 6. plass blant 32 utøvarar var eit håp, men då måtte alt klaffe. Ny personleg rekord på 9,65 m, og berre to centimeter fra 5. plass og ein cm betre enn nummer sju viser at det var ein tett kamp om centimetrene, seier Grete.


Grete er den mestvinnende utøveren fra Ørsta IL i friidrett gjennom tidene. På 70- og 80- talet tok ho nesten 30 medaljer i NM. I stor grad gull. Klubbrekordene hennar står framleis.


VM i friidrett for veteraner i Gøteborg samlar over 8.000 deltakarar fra over 112 nasjonar. dette er tidenes største master VM. Aldri før har eit VM for Masters/veteraner samla så mange nasjonar og deltakarar som årets mesterskap i Sverige. 180 norske utøvarar stiller til start.