Ørsta Friidrett 20204

21 gull til Ørsta IL friidretts-KM


Utøvarane frå Ørsta IL imponerte, og tok 46 medaljer i innandørs-KM i friidrett i helga.

Av dette var 21 gullmedaljer.


Laurdag og søndag var det innandørs krinsmeisterskap, KM, i friidrett i Ulsteinhallen.

Ørsta IL friidrett sine utøvarar imponerte med å ta

46 medaljer, av dette 21 gull, og svært mange personlege rekordar.

 

Tvillingane og krinsmeistrane Lotta Flatjord Tofteland (J11) og Peter Flatjord Tofteland (G11) er to unge talent som verkeleg slo til på KM. Dei sette fleire personlege rekordar, tok tre gull, to sølv og ein bronse kvar. Peter sprang 60 m på gode 9,17 sek. og fekk 900 Tyrvingpoeng. Lotta hoppa 1,22 m i høgde og fekk 910 Tyrvingpoeng.

 

Kristoffer Aam(G-para 12 år) vart trippel krinsmeister og fekk med seg gullmedalje heim i 60 m, kule og lengde utan tilløp

 

Anton Øie (G11) hadde eit klart mål på sitt første KM og det var å kome på pallen. Det klarte han med glans då han tok sin første sølvmedalje på KM med 3,63 m i lengde.

 

Tizian Andrianjafintrimo 10 år stilte i (G11) for å få god konkurranse og han vart trippel krinsmeister og tok og sølv. I lengde utan tilløp hoppa han 2,11 m og det gav 1005 Tyrvingpoeng. I lengde med tilløp hoppa han heile 3,99 m som gav 968 Tyrvingpoeng.

 

Jakob Hunnes Myklebust (G11) fekk 4 plass i sitt heat på 200 m og han tok ein god 5 plass i lengde med

4,14 m.

 

Madelene Almestad (J14) tok fire gull og ein sølv. Ho støytte 3 kg kula 9,62 m og fekk 929 Tyrvingpoeng

 

Målfrid Vartdal Woldsund (J14) har stadig framgang. Ho fekk ein god 4 plass i lengde utan tilløp med 1,84 m. Ho gjorde det og godt i kule, 60 m og lengde.

 

Ragne Øyehaug (J14) vart krinsmeister i både 1000 m kappgang (5,58,59) og i lengde utan tilløp (2,18 m). Ho fekk og mykje ros for innsatsen på 60 m hekk.

 

Tvillingane Kiara og Naomi Andrianjafintrimo (J13) er allsidige. Dei fekk med seg heim fire medaljer kvar. Det er naturleg å framheve Kiara sin innsats på 60 m hekk med gode 11,54 sek. Naomi er god på lange løp. Det viste ho med sølv på 200 m med 31,50 sek.

 

Andrea Myklebust Hunnes (J13) vart krinsmeister på 600 m med 2,24,31. Ho har god spenst og fekk bronsemedalje i både høgde med og utan tilløp.

 

Hedda Bjørdalsbakke Saure (J13) tok sølv i stavhopp med 1,50 m og sølv i høgde utan tilløp med 1,00 m. Ho imponerer kvar gong i kule, og fekk bronse med 8,02 m

 

Amira Andrianjafintrimo (J16) tok sølv i lengde utan tilløp med 2,26 m trass at ho nettopp var på beina att etter ei kraftig influensa.

 

Pia Flatjord Tofteland (J15) er eit av dei store talenta i klubben. Ho sette solid pers på 200 m med 27,4 sek. Ho vann 60 m hekk med gode 10,39 sek. Pia sprang og ein veldig god 400 m, men trakka dessverre på strek og vart diska.

 

Veteranen Tone Bjørdalsbakke Saure stilte i klassen Kvinner Senior og vart krinsmeister i kule 4 kg. Med 9,13 m og tok sølv i lengde utan tilløp med 2,09 m

 

KM vart arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen laurdag 13 og 14. januar. Det var 145 deltakarar på stemnet. Fleire av resultata var på nasjonalt toppnivå. Stemnet var eit ope KM der utøvarar også utanfor Møre og Romsdal friidrettskrins kunne delta.

 

Olve Øyehaug, Ørsta IL Friidrett