Tone og Grete skal representere Noreg


Mor og datter skal snart kle seg i den norske landslagsdrakta.


Grete Bjørdalsbakke og Tone Bjørdalsbakke Saure fra Ørsta IL friidrett deltek på EM i friidrett for veteraner i Toruň i Polen 17.-23. mars, melder Ørsta IL friidrett.


Grete skal delta i kule. Tone skal delta i spyd og kule.


51 norske deltakarar stiller til start og alle stiller i landslagsdrakt. Det er 3500 påmeldte deltakarar i EM for veteraner.

Mor og datter til EM for veteranar


EM friidrett veteran: mor Grete og datter Tone tok femte og sjetteplass i kule!


Tone Bjørdalsbakke Saure tok ein god femteplass i kule i EM friidrett veteran i klasse W35 med 9,25 m. Tone er svært nøgd med både resultat og plassering. Ho hadde som mål å klare 9 meter. Det klarte ho med god margin då ho hadde tre kulestøt over 9 meter og eitt på 8,99 meter. 9,25 m er årsbeste for Tone innendørs.


Grete Bjørdalsbakke tok 6.- plass i kule med 8,81 meter som er ny pers med 51 cm. Det var berre 27 cm opp til pallplass. Grete er godt nøgd med både resultat og plassering


EM i friidrett veteran vert arrangert i Toruň i Polen. Rundt 3500 deltakarar er med på meisterskapen.


Olve Øyehaug, Ørsta IL friidrett

Tone tok EM-bronse


Tone Bjørdalsbakke Saure, Ørsta IL friidrett tok bronse i spyd i EM friidrett veteran med et kast på gode 32,03 m i klasse W35.


Ho hadde ein flott serie der alle kasta var over 28 meter. Tone var svært nøgd med resultatet og plasseringa.


- Ja, dette var draumen!

Veldig deilig at det klaffa! sa Tone då medaljen var sikra. Tone tok også ein god 5.-plass i kule (4 kg) med 9,25 m og årsbeste. Ho hadde som mål å klare 9 meter. Det klarte ho med god margin, då ho hadde tre kulestøyt over 9 meter og eitt på 8,99 meter.


6.-plass til Grete


Mor til Tone, Grete Bjørdalsbakke, tok 6.-plass i kule (3 kg) med 8,81 meter og pers med 51 cm. det var berre 27 cm opp til pallplass. "Nei, no må eg begynne og trene", sa ei tydeleg godt nøgd Grete.


Grete er den store stjerna i Ørsta IL. På 70-og 80-talet tok ho 15 gull og til saman 28 medaljer i NM senior og junior. Ho representerte Noreg i 21 landskampar.


Eit av tidenes største EM i friidrett for veteranar innandørs vart arrangert i Toruň i Polen. Rundt 3500 deltakarar deltok i det som truleg er Europa sin flottaste friidrettshall. Den norske troppen stilte med rundt 50 utøvarar i alderen 35 til 90 år i det 14. europeiske mesterskapet i friidrett for veteranar.


Olve, Øyehaug, Ørsta IL friidrett


Omtale i avisa Møre