Navigasjon
Framsida
Informasjon
Lenkar
Kontakt Meg
Fotoalbum
Gjestebok

Friidrett
Mine Meritter
Fotoalbum
Administrator:
Brukarnamn

Passord



Informasjon
Avatar Mitt namn er Grete Bjørdalsbakke. Eg bur i Ørsta og er gift med Endre Mo. Vi har to jenter, Tone og Siri. Til dagleg jobbar eg som ambulansearbeidar ved Volda Sjukehus

Dei siste åra har eg brukt mykje av fritida mi til fortografering, og det er spesielt landskap som fasinerar meg. Eg likar og ferdast i naturen og fotoapparatet har vorte en trufast følgesvenn.

Eg vil med Ørsta Foto få presentere litt av dei bilda eg har tatt siste åra. Motiva er stort sett henta frå Sunnmøre og spesielt Ørsta/Volda Kommune

Dersom du skulle være interessert i og nytte nokon av bilda mine så er det berre og ta kontakt så blir vi nok einige.

Sidan eg har ei fortid som friidrettsutøvar, og kanskje er mest kjent for det, finner eg det naturleg og presentere litt av mine meritter. Så ta gjerne turen innom desse sidene også.

Eg håper du likte Ørsta Foto og ønsker deg velkomen tilbake til nye naturopplevingar. Skulle det være noko du lurer på så ta kontakt og skriv gjerne ei helsing i gjesteboka mi.

Har du ett fotoppdrag så tar eg utfordringa...

Du får kontakt med meg her :

Mob : 419 33513 - Dersom eg ikkje svarar så er eg opptatt på jobb. Då sender du en SMS så ringer eg tilbake når eg er ledig.

Mail : gretebmo(a)online.no eller post(a)orstafoto.com
Copyright Ørsta Foto © 2008 - 2011

Designed by Thom Christer Erlandsen